Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Johannes fyrste brev

Johannes’ fyrste brev

1. kapitlet

1 Det som var ifrå upphavet, det som me hev høyrt, det som me hev set med augo våre, det som me skoda, og henderne våre tok på, um livsens ord

2 - og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss -

3 det som me hev set og høyrt, det forkynner me dykk og, so de kann hava samfund med oss. Men vårt samfund er med Faderen og med hans son Jesus Kristus.

4 Og dette skriv me, so dykkar gleda kann vera fullkomi.

5 Og dette er den bodskapen me hev høyrt av honom og forkynner dykk, at Gud er ljos, og det finst inkje myrker i honom.

6 Dersom me segjer at me hev samfund med honom, og me ferdast i myrkret, so lyg me og gjer ikkje sanningi.

7 Men dersom me ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, so hev me samfund med kvarandre, og Jesu, hans sons, blod reinsar oss frå all synd.

8 Dersom me segjer at me ikkje hev synd, so dårar me oss sjølve, og sanningi er ikkje i oss.

9 Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd.

10 Dersom me segjer at me ikkje hev synda, so gjer me honom til ljugar, og hans ord er ikkje i oss.

2. kapitlet

1 Mine born! Dette skriv eg til dykk so de ikkje skal synda, og um nokon syndar, so hev me hjå Faderen ein målsmann, Jesus Kristus, den rettferdige,

2 og han er ei soning for synderne våre, og ikkje berre for våre, men og for alle i heile verdi.

3 Og på dette veit me at me kjenner honom: um me held bodi hans.

4 Den som segjer: «Eg kjenner honom», og ikkje held bodi hans, han er ein ljugar, og i honom er ikkje sanningi.

5 Men den som held ordet hans, i honom er i sanning kjærleiken til Gud fullkomen. På dette kjenner me at me er i honom.

6 Den som segjer at han er i honom, han er og skuldig til å ferdast so som han hev ferdast.

7 De kjære! det er ikkje eit nytt bod eg skriv åt dykk, men eit gamalt bod, som de hev havt ifrå upphavet. Det gamle bodet er det ordet de hev høyrt ifrå upphavet.

8 Og like vel er det eit nytt bod eg skriv åt dykk, og det er sant i honom og i dykk; for myrkret kverv burt, og det sanne ljoset skin alt no.

9 Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret.

10 Den som elskar bror sin, han er i ljoset, og i honom finst det ikkje noko som fører til fall.

11 Men den som hatar bror sin, han er i myrkret og ferdast i myrkret, og han veit ikkje kvar han gjeng; for myrkret hev blinda augo hans.

12 Eg skriv til dykk, born, for synderne er dykk forlatne for hans namn skuld.

13 Eg skriv til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg skriv til dykk, ungdomar, for de hev sigra yver den vonde.

14 Eg hev skrive til dykk, born, for de kjenner Faderen. Eg hev skrive til dykk, feder, for de kjenner honom som er frå upphavet. Eg hev skrive til dykk, ungdomar, for de er sterke, og Guds ord vert verande i dykk, og de hev sigra yver den vonde.

15 Elska ikkje verdi, og ikkje dei ting som er i verdi! Um nokon elskar verdi, so er ikkje kjærleiken til Faderen i honom.

16 For alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi.

17 Og verdi og hennar lyst forgjengst; men den som gjer Guds vilje, han vert verande til æveleg tid.

18 Born! Det er den siste timen; og som de hev høyrt at Antikrist kjem, so er no mange anti-kristar komne, og på det skynar me at det er den siste timen.

19 Dei er gjengne ut ifrå oss, men dei var ikkje av oss; for hadde dei vore av oss, so hadde dei vorte verande hjå oss; men det skulde verta synbert at ikkje alle er av oss.

20 Og de hev salving av den Heilage og veit alt.

21 Eg skreiv ikkje til dykk av di de ikkje kjenner sanningi, men av di de kjenner henne, og veit at all lygn ikkje er av sanningi.

22 Kven er ljugaren, utan han som neittar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som neittar Faderen og Sonen.

23 Kvar den som neittar Sonen, han hev ikkje Faderen heller; den som vedkjennest Sonen, han hev og Faderen.

24 Lat det då verta verande i dykk, det som de høyrde frå upphavet; dersom det de høyrde frå upphavet, vert verande i dykk, so vert de og verande i Sonen og i Faderen.

25 Og dette er den lovnaden som han lova oss: det ævelege livet.

26 Dette hev eg skrive til dykk um deim som dårar dykk.

27 Og den salving de fekk av honom, ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk noko; men liksom salvingi hans lærer dykk alt, so er det og sant og slett ikkje lygn; og vert verande i honom, so som ho lærde dykk!

28 Og no, born, ver i honom, so me kann hava frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for honom i hans tilkoma!

29 Veit de at han er rettferdig, so skynar de at kvar den som gjer rettferd, er fødd av honom.

3. kapitlet

1 Sjå, kor stor kjærleik Faderen hev synt oss, at me skal kallast Guds born; og det er me. Difor kjenner ikkje verdi oss, av di ho ikkje kjenner honom.

2 Mine kjære! No er me Guds born, og det er ikkje endå openberra kva me skal verta; me veit at når han vert openberra, då skal me verta honom like; for me skal sjå honom som han er.

3 Og kvar den som hev denne voni til honom, han reinsar seg sjølv, liksom han er rein.

4 Kvar den som gjer synd, han gjer og lovbrot, og syndi er lovbrot.

5 Og de veit at han er openberra til å taka burt synderne, og det finst ikkje synd i honom.

6 Kvar den som vert verande i honom, syndar ikkje; kvar den som syndar, han hev ikkje set honom og ikkje kjent honom.

7 Born, lat ingen dåra dykk! den som gjer rettferd, er rettferdig, liksom han er rettferdig.

8 Den som gjer synd, er av djevelen; for djevelen syndar frå upphavet. Til det er Guds son openberra, at han skal gjera ende på djevelens verk.

9 Kvar den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd; for hans sæde vert verande i honom, og han kann ikkje synda; for han er fødd av Gud.

10 På det kann ein kjenna Guds born og djevelens born: kvar den som ikkje gjer rettferd, er ikkje av Gud, og ikkje den heller som ikkje elskar bror sin.

11 For dette er den bodskapen som de høyrde frå upphavet, at me skal elska kvarandre;

12 ikkje som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvi drap han honom? Av di hans gjerningar var vonde, men hans brors gjerningar rettferdige.

13 Undra dykk ikkje, mine brør, um verdi hatar dykk!

14 Me veit at me er gjengne yver frå dauden til livet, for me elskar brørne; den som ikkje elskar, vert verande i dauden.

15 Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg.

16 På det hev me lært å kjenna kjærleiken, at han sette livet til for oss; me er og skuldige til å setja livet til for brørne.

17 Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom!

18 Mine born, lat oss ikkje elska med ord eller med tunga, men i gjerning og sanning!

19 Og på dette skal me skyna at me er av sanningi, og so skal me roa hjarto våre for hans åsyn.

20 For um enn hjarta fordømer oss, so er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting.

21 Mine kjære! dersom hjarta ikkje fordømer oss, so hev me fritt mod for Gud,

22 og det som me bed um, fær me av honom; for me held hans bod og gjer det som er honom til hugnad.

23 Og dette er hans bod, at me skal tru på hans son Jesus Kristi namn og elska kvarandre, so som han baud oss.

24 Og den som held hans bod, han vert verande i honom og han i honom; og på dette veit me at han vert verande i oss, av den Ande som han hev gjeve oss.

4. kapitlet

1 Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi.

2 På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud;

3 og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.

4 Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.

5 Dei er av verdi; difor talar dei av verdi, og verdi høyrer deim.

6 Me er av Gud; den som kjenner Gud, høyrer oss; den som ikkje er av Gud, høyrer oss ikkje. På dette kjenner me sannings-åndi og villfarings-åndi.

7 Mine kjære, lat oss elska kvarandre! for kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.

8 Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.

9 I det er Guds kjærleik openberra millom oss, at Gud hev sendt son sin, den einborne, til verdi, so me skal liva ved honom.

10 I dette er kjærleiken, ikkje at me hev elska Gud, men at han hev elska oss og sendt son sin til soning for synderne våre.

11 Mine kjære! hev Gud elska oss soleis, so er me og skuldige til å elska kvarandre.

12 Ingen hev noko sinn set Gud; elskar me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og kjærleiken til honom hev vorte fullkomen i oss.

13 På dette kjenner me at me er i honom og han i oss, at han hev gjeve oss av sin Ande.

14 Og me hev set og vitnar at Faderen hev sendt son sin til frelsar for verdi.

15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.

16 Og me hev lært å kjenna og trutt på den kjærleiken Gud hev til oss. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i honom.

17 I dette hev kjærleiken vorte fullkomen hjå oss, at me hev fritt mod på domedag; for liksom han er, so er me og i denne verdi.

18 Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.

19 Me elskar av di han elska oss fyrst.

20 Dersom nokon segjer: «Eg elskar Gud», og han hatar bror sin, han er ein ljugar; for den som ikkje elskar bror sin som han hev set, kor kann han elska Gud, som han ikkje hev set?

21 Og dette bodet hev me frå honom, at den som elskar Gud, han skal og elska bror sin.

5. kapitlet

1 Kvar den som trur at Jesus er Kristus, han er fødd av Gud; og kvar den som elskar Faderen, han elskar og den som er fødd av honom.

2 På dette kjenner me at me elskar Guds born, når me elskar Gud og held hans bod.

3 For dette er kjærleiken til Gud, at me held hans bod; og hans bod er ikkje tunge.

4 For alt som er født av Gud, det sigrar yver verdi; og dette er den siger som hev sigra yver verdi: vår tru.

5 Kven er det som sigrar yver verdi, utan den som trur at Jesus er Guds son?

6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden er den som vitnar, for Anden er sanningi.

7 For dei er tri som vitnar:

8 Anden og vatnet og blodet, og desse tri gjeng ut på eitt.

9 Dersom me tek imot vitnemål av menneski, so er Guds vitnemål større; for dette er Guds vitnemål, at han hev vitna um son sin.

10 Den som trur på Guds son, hev vitnemålet i seg sjølv; den som ikkje trur Gud, han hev gjort honom til ein ljugar, med di han ikkje hev trutt på det vitnemålet som Gud hev vitna um son sin.

11 Og dette er vitnemålet, at Gud hev gjeve oss ævelegt liv, og dette livet er i son hans.

12 Den som hev Sonen, han hev livet; den som ikkje hev Guds son, han hev ikkje livet.

13 Dette hev eg skrive til dykk, so de skal vita at de hev ævelegt liv, de som trur på Guds sons namn.

14 Og dette er den frimodige tiltru me hev til honom, at dersom me bed um noko etter hans vilje, so høyrer han oss.

15 Og dersom me veit at han høyrer oss, kva me so bed um, so veit me at me hev dei ting som me hev bede honom um.

16 Dersom nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje er til dauden, so skal han beda, og han skal gjeva honom liv, ja deim då, som ikkje syndar til dauden. Det finst synd til dauden; for henne segjer eg ikkje at han skal gjera bøn.

17 All urettferd er synd, og det finst synd som ikkje er til dauden.

18 Me veit at kvar den som er fødd av Gud, han syndar ikkje; men den som er fødd av Gud, varar seg, og den vonde rører honom ikkje.

19 Me veit at me er av Gud, og all verdi ligg i det vonde.

20 Men me veit at Guds son er komen og hev gjeve oss skyn til å kjenna den Sanne; og me er i den Sanne, i hans son Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det ævelege livet.

21 Born, vara dykk for avgudarne!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024